
DU KLIKKA DEG INN PÅ SIDA MI KLOKKA
05:49:02
DEN
23.02.2012
Eg vart 10 år gammal den 24. november 2008 og går no i 5. klasse på Hjelle skule. Eg bur på Alsaker i lag med mamma, pappa, lillebroren min Isak, tre kattar som heiter Simba, Gizmo og Texas, ein hamster som heiter Speedy (men mamma seier han heiter Snowball), to rotter som heiter Herman og Hillbert og veldig mange fiskar fordelt på 2 akvarier.
Eg er fødd i Bangkok, Thailand og kom til mamma og pappa då eg var 2 1/2 år gammal. Då eg budde der heitte eg Worraphon, det betyr «Sterk, modig mann». Fosterfamilien min kalla meg berre Nong Boy.

Sjølvportrett mai 2006
Ting eg likar.
Eg er veldig glad i å spele gitar og fotball, miniatyrskyting og slalåm. Når eg er heime likar eg å spele Playstation, Nintendo DS Lite eller dataspel. Eg er flink med handarbeid og hadde mi eiga symaskin helt til pappa knørva ho ved eit uhell.
Eg likar veldig godt å lage mat. Eg kan lage vafler, steikt potet (nesten det beste eg veit!), lasagne og pizza på eiga hand. Når eg blir større har eg veldig lyst til å bli kokk eller kelner.
Eg lærer veldig fort. Yndlingsfarga mi er grøn, men eg likar godt alle lyse fargar. Den einaste mørke farga eg likar er mørkeblått. Eg er veldig flink med PC, og eg har min egne maskin, ein Acer Ferrari som eg har arva frå mamma.
Eg er glad i musikk, spesielt Bruce Springsteen som eg og mamma var på konsert med i Oslo sommaren 2008, det var kjempebra! Eg liker også Robbie Williams godt.
Eg er veldig glad i å male hus og veggar, det syns eg er veldig gøy.
Eg likar veldig godt å fotografere, og å ta sjølvportrett er det artigaste eg veit.
Sida vart sist oppdatert 23. januar 2009